fredag 12. mars 2010

No har du sjanse til å påverke arbeidsgruppa - før måndag kl. 1200

Eg ser at dei siste 10 dagane har bloggen hatt 51 besøkande. Enno har ikkje nokon våga seg på å kommentere i det offentlege rommet, men kanskje det og kjem?

Iallefall - studentparlamentet har engasjert seg og fått fram mange innspel til arbeidsgruppa frå studenttillitsvalde. Vel blåst til dei! OBS: Vi tar gjerne mot synspunkt frå andre studentar også....
Men vi tar gjerne mot fleire innspel - også frå tilsette - både administrative og faglege. Kva meiner de at tilsette ved HSF bør ha av digital kompetanse? Med andre ord: Kva bør tilsette ha som basiskunnskap eller ferdigheiter om ulike ikt-verktøy , ulike digitale medium (lyd, bilete, video), om bruk av mulegheitar i Fronter, ulike web 2.0 tenester som blogg og wiki, kjeldekritikk ved bruk av nettet, rettigheitsproblematikk, etikk, osb.... For fagtilsette vil det - ikkje minst - vere viktig å ha kunnskap om når det er lurt å bruke digitale medier - når gir dei eit bidrag til LÆRING utover tradisjonell klasseundervisning og når gir dei det ikkje?

Måndag førstkomande kl. 1200 byrjar Arbeidsgruppa å setje saman ei "grunnpakke i digital kompetanse" for studentar og tilsette. Har du meiningar om kva som bør vere i denne pakka så kom med innspel -NO. Det er I DAG, LAURDAG OG SØNDAG du har størst mulegheit til å påverke akkurat dette løpet! Vi kjem tilbake med andre problemstillingar etter kvart...

mandag 22. februar 2010

Meir digital kompetanse på HSF?

Etter fagdagen i midten av januar oppretta HSF ei sokalla "Arbeidsgruppe for Digital Kompetanse". Eit positivt initiativ - for gjennom oppnemninga ønskte rektor å rette merksemda mot dei utfordringane skulen står overfor, med forventningar både frå myndigheiter og studentar om at bruk av ikt hjelpemiddel skal inngå som ein naturleg del i alle fagområde innan høgare utdanning.

Vi veit at den teknologiske utviklinga går raskt, og den store satsinga innanfor grunn- og vidaregåande skule stiller klare forventningar til høgare utdanning. Korleis kan og vil vi sikre at studentane som kjem til oss opplever HSF som ein god og spennande læringsarena, med ei medveten og reflektert bruk av ikt integrert i faga og i undervisninga av faga?

Innan 1. juni skal Arbeidsgruppa prøve å gjere greie for korleis ei slik undervisningsfagleg satsing på ikt på HSF bør skje:
  1. For det første skal institusjonsnivået utfordrast - kvar er HSF og kvar ynskjer vi å vera med omsyn til bruken av ikt og nye medium i dagens studium/fag og i undervisninga av desse studia/faga?
  2. For det andre - kva treng studentane av opplæring og støtte i ikt, nye medium og nye samarbeidsteknologiar, og kva treng dei av kunnskap for at dei skal kunne bruke dei nye teknologiane til både å bli betre fagpersonar og til støtte i eiga læring?
  3. For det tredje - kva forventar vi at alle HSF-tilsette skal kunne om ikt og nye medier, og ikkje minst, korleis forventar vi at denne kompetansen skal speglast att hjå fagtilsette i faga dei underviser og i måten undervisninga går føre seg. Kanskje treng vi også ein ny pedagogisk praksis?

Målet er altså gjennom gode læringsmiljø, auka digital kompetanse og fornuftig bruk av teknologi å skape ein enda betre høgskule både for studentar og tilsette. Til hjelp i dette arbeidet vil Arbeidsgruppa sjølvsagt hente innspel både gjennom direkte og meir formell kontakt med avdelingar, studieutvalet, studentparlament osb.

Vi ønskjer alle bidragsytarar velkomne med innspel, både studentar, tilsette og andre som måtte ha synspunkt på korleis denne digitale undervisningsfaglege kompetanseoppbygginga bør skje og kva denne satsinga bør innebere. Kanskje vi saman kan gjere HSF i stand til å møte dei store teknologiske og kompetansemessige utfordringane som vi veit vil kome også dei neste åra?