Vi veit at den teknologiske utviklinga går raskt, og den store satsinga innanfor grunn- og vidaregåande skule stiller klare forventningar til høgare utdanning. Korleis kan og vil vi sikre at studentane som kjem til oss opplever HSF som ein god og spennande læringsarena, med ei medveten og reflektert bruk av ikt integrert i faga og i undervisninga av faga?
Innan 1. juni skal Arbeidsgruppa prøve å gjere greie for korleis ei slik undervisningsfagleg satsing på ikt på HSF bør skje:
- For det første skal institusjonsnivået utfordrast - kvar er HSF og kvar ynskjer vi å vera med omsyn til bruken av ikt og nye medium i dagens studium/fag og i undervisninga av desse studia/faga?
- For det andre - kva treng studentane av opplæring og støtte i ikt, nye medium og nye samarbeidsteknologiar, og kva treng dei av kunnskap for at dei skal kunne bruke dei nye teknologiane til både å bli betre fagpersonar og til støtte i eiga læring?
- For det tredje - kva forventar vi at alle HSF-tilsette skal kunne om ikt og nye medier, og ikkje minst, korleis forventar vi at denne kompetansen skal speglast att hjå fagtilsette i faga dei underviser og i måten undervisninga går føre seg. Kanskje treng vi også ein ny pedagogisk praksis?
Målet er altså gjennom gode læringsmiljø, auka digital kompetanse og fornuftig bruk av teknologi å skape ein enda betre høgskule både for studentar og tilsette. Til hjelp i dette arbeidet vil Arbeidsgruppa sjølvsagt hente innspel både gjennom direkte og meir formell kontakt med avdelingar, studieutvalet, studentparlament osb.
Vi ønskjer alle bidragsytarar velkomne med innspel, både studentar, tilsette og andre som måtte ha synspunkt på korleis denne digitale undervisningsfaglege kompetanseoppbygginga bør skje og kva denne satsinga bør innebere. Kanskje vi saman kan gjere HSF i stand til å møte dei store teknologiske og kompetansemessige utfordringane som vi veit vil kome også dei neste åra?