Vi veit at den teknologiske utviklinga går raskt, og den store satsinga innanfor grunn- og vidaregåande skule stiller klare forventningar til høgare utdanning. Korleis kan og vil vi sikre at studentane som kjem til oss opplever HSF som ein god og spennande læringsarena, med ei medveten og reflektert bruk av ikt integrert i faga og i undervisninga av faga?
Innan 1. juni skal Arbeidsgruppa prøve å gjere greie for korleis ei slik undervisningsfagleg satsing på ikt på HSF bør skje:
- For det første skal institusjonsnivået utfordrast - kvar er HSF og kvar ynskjer vi å vera med omsyn til bruken av ikt og nye medium i dagens studium/fag og i undervisninga av desse studia/faga?
- For det andre - kva treng studentane av opplæring og støtte i ikt, nye medium og nye samarbeidsteknologiar, og kva treng dei av kunnskap for at dei skal kunne bruke dei nye teknologiane til både å bli betre fagpersonar og til støtte i eiga læring?
- For det tredje - kva forventar vi at alle HSF-tilsette skal kunne om ikt og nye medier, og ikkje minst, korleis forventar vi at denne kompetansen skal speglast att hjå fagtilsette i faga dei underviser og i måten undervisninga går føre seg. Kanskje treng vi også ein ny pedagogisk praksis?
Målet er altså gjennom gode læringsmiljø, auka digital kompetanse og fornuftig bruk av teknologi å skape ein enda betre høgskule både for studentar og tilsette. Til hjelp i dette arbeidet vil Arbeidsgruppa sjølvsagt hente innspel både gjennom direkte og meir formell kontakt med avdelingar, studieutvalet, studentparlament osb.
Vi ønskjer alle bidragsytarar velkomne med innspel, både studentar, tilsette og andre som måtte ha synspunkt på korleis denne digitale undervisningsfaglege kompetanseoppbygginga bør skje og kva denne satsinga bør innebere. Kanskje vi saman kan gjere HSF i stand til å møte dei store teknologiske og kompetansemessige utfordringane som vi veit vil kome også dei neste åra?
Slik eg ser det utfordrar IKT oss heile tida og det er eit verktøy vi i det daglege berre må forholde oss til og nytte til det beste både i høve undervisninga vår til studentane og elles i arbeidet vi skal utføre i høgskulen. Vi er nok komt ulikt i høve korleis vi både nyttar og meistrar dette vektøyet og vi vil ha ulike behov for kva kunnskap vi faktisk treng i jobben vår i høve dette. Slik sett meinar eg vi må legge opp til ulike kompetanseutviklingstiltak.
SvarSlettEg meinar vi bør tilby kurs av kortare varighet, gjerne med erfaringsdeling frå eigne krefter - slik vi allereie gjer ein del av. Vi bør også ha tilbud om kurs av litt større omfang, kan vere studiepoenggjevande om det er ynskjeleg - 10-15 studiepoeng, f.eks. Kanskje kan ein lage modular på 5 + 5 + 5 eller 10 + 10 + 10 der ein kan ta alle modulane eller berre ein alt etter behov, ynskje, tid osv.
Skal ein f.eks utvikle eit nytt studie der nettbasert læring skal stå sentralt treng ein meir kompetanse på feltet. Pedagogisk bruk av IKT i undervisning er eit tema som mange nok ynskjer å lære meir om og som kan egne seg for både korte kurs og ein eigen modul.
I studieutvalet sist diskuterte vi korleis vi skal styrke den formelle pedagogiske kompetansen for dei fagtilsette. Eg tenker vi bør sjå utvikling av digital kompetanse hjå dei tilsette og utvikling av den pedagogiske kompetansen i samanheng. Bygge opp modular som kan dekke begge delar - alt med same mål: merke oss ut som ein høgskule med gjennomgåande høg studiekvalitet. Då står nettopp det vi snakkar om her sentralt.
Eg meinar at vi som fagtilsette må sjå det som vårt ansvar å fylgje med i utviklinga og ta i bruk nye måtar å undervise på om det kan auke kvaliteten på arbeidet vårt. Vi kan lære mykje med å sette oss inn i ting sjølv, få rettleiing av ein kollega som kan noko ein sjølv ikkje kan osv. Slik må vi framleis jobbe med å utvikle oss sjølv på dette området som på så mange andre, men eg trur også at det vil vere behov for at vi har tilbod om kurs som kan gje fagleg påfyll og inspirasjon i arbeidet. Nokre tankar ein fredags ettermiddag.....god helg :-)
Til spørsmålet om behov for kompetanse i bruk av IKT kan det vere nyttig å skilje mellom bruk for administrative formål, forskingsformål og undervisning og foredragsformål. Her konsentrerer eg meg om det siste.
SvarSlett1. Viktigare enn kunnskap om nye verktøy, er betre bruk av dei vi alt har eit visst forhold til. D.v.s. betre bruk av presentasjonsprogram (som t.d. Powerpoint), program for redigering av pdf-filar, bilete- og videofilar, lydopptak (t.d. podcast) o.s.b.
2. Opplæring i bruk av slik programvare bør ikkje - som i dag - avgrensast til opplæring i stadig nye og meir avanserte funksjonar. Det som tel i undervisning- og foredragssamanheng er t.d. ikkje, i alle fall ikkje først og fremst, programtekniske brukarferdigheiter, men at ein får lysbilete til å kommunisere med sitt publikum. I eit dette perspektivet blir kunnskap om harmonisk biletkomposisjon, som føreset ein viss kunnskap om det gylne snitt og ballansering av biletflater, langt viktigare enn ny kunnskap om meir og mindre esoteriske funksjonar. Å fylle stadig fleire rader med kjedeleg tekst i elles stort sett identiske lysbilete er motproduktiv bruk av presentasjonsverktøy. I tillegg treng vi brukarkunnskap - ikkje berre om å lage boksar, rammer, piler o.l, men kanskje først og fremst om korleis slike element bør plasserast i forhold til kvarandre, margar, rammer, teksteelement av ulik form, storleik, omfang o.s.b. Vi treng m.a.o. eit minimum av grafisk kunnskap i tillegg til programteknisk. I dette ligg det også ein kritikk av høgskulens offisielle profileringsmateriale som primært synest å vere utforma med tanke på merkevarebygging. Merkevarebygging er bra. Men standardmalar må ikkje - slik tilfellet er i dag - utformast på ein måte som gjer at harmoniske lysbilete ofte blir uråd å få til. Fargelagde fantasidyr på toppen av tekstelement gir t.d. skjelden god formidling av tekst. Som eit minstekrav må dei kunne plasserast som vassmerke i bakgrunnen.
3. I tillegg til kunnskap om nedlasting av video-, blilete- og tekstelement, treng vi kunnskap om kva vi har lov/ikkje har lov å bruke i kva samanheng, korleis innhente løyve, kven som dekkjer eventuelle kostnader o.s.b.
4. Trass i mange og ivrige entusiastar; fokuset på nye sosiale media bør truleg tonast ned. Nettet generelt, og sosiale media spesielt, er fulle av informasjon. Som kunnskapsbedrift bør vi først og fremst konsentrere oss om den kvalitessikra delen av den, d.v.s. om ikkje-triviell og ikkje-trivialiserande former for kunnskap. Blogging, twittring, face-booking o.s.b. handlar relativt sjeldan om det siste.