fredag 12. mars 2010

No har du sjanse til å påverke arbeidsgruppa - før måndag kl. 1200

Eg ser at dei siste 10 dagane har bloggen hatt 51 besøkande. Enno har ikkje nokon våga seg på å kommentere i det offentlege rommet, men kanskje det og kjem?

Iallefall - studentparlamentet har engasjert seg og fått fram mange innspel til arbeidsgruppa frå studenttillitsvalde. Vel blåst til dei! OBS: Vi tar gjerne mot synspunkt frå andre studentar også....
Men vi tar gjerne mot fleire innspel - også frå tilsette - både administrative og faglege. Kva meiner de at tilsette ved HSF bør ha av digital kompetanse? Med andre ord: Kva bør tilsette ha som basiskunnskap eller ferdigheiter om ulike ikt-verktøy , ulike digitale medium (lyd, bilete, video), om bruk av mulegheitar i Fronter, ulike web 2.0 tenester som blogg og wiki, kjeldekritikk ved bruk av nettet, rettigheitsproblematikk, etikk, osb.... For fagtilsette vil det - ikkje minst - vere viktig å ha kunnskap om når det er lurt å bruke digitale medier - når gir dei eit bidrag til LÆRING utover tradisjonell klasseundervisning og når gir dei det ikkje?

Måndag førstkomande kl. 1200 byrjar Arbeidsgruppa å setje saman ei "grunnpakke i digital kompetanse" for studentar og tilsette. Har du meiningar om kva som bør vere i denne pakka så kom med innspel -NO. Det er I DAG, LAURDAG OG SØNDAG du har størst mulegheit til å påverke akkurat dette løpet! Vi kjem tilbake med andre problemstillingar etter kvart...

8 kommentarer:

  1. Eit kjapt innlegg. Alle tilsette og studentar bør ha grunnleggande kompetanse i visuell kommunikasjon både i forhold til bruk av digitale hjelpemiddel i undervisningen(power point), men også i forhold til kommunikasjon via nett. Vil også gi eit innspel på at grunnleggande ferdigheit i bruk av bilete og bilet redigering er noko alle bør kunne.

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. Eg viser til e-post utsendt frå Grete Netteland til alle ved HSF og blogg om arbeidet til gruppa.

    Den digitale kompetansen blant dei tilsette er etter mi erfaring svært ulik. Mange sit inne med ein god del kompetanse på enkelte område, og andre har ein god del generell IKT-kompetanse. Mykje av denne kompetansen er spreidd utover dei ulike avdelingane ved høgskulen, og mykje av han er utvikla gjennom eige initiativ eller ved at vedkomande har fått arbeidsoppgåver der det har vore nødvendig å utvikle slik kompetanse.

    Det har og vore utdanningar i Ikt ved høgskulen. AØS/AØR har hatt fleire ulike typar IKT-utdanninga, medan t.d. ALI har hatt utdanningar i pedagogisk bruk av IKT, Ikt i barnehagen og IKT for lærarar i vidaregåande skule. I tillegg til dette har vi IKT-avdelinga ved HSF, som har stor kompetanse på den tekniske sida.

    Ikt-kompetansen er likevel så spreidd og så lite systematisert at vi kanskje ikkje får nok utbytte av han. HSF har ikkje nokon heilskapleg politikk for kva IKT-utdanningar vi øskjer å tilby eller kor mykje vi kan tilby. Vi har heller ikkje noko samordna tilbod der IKT-miljø kan ta på seg mindre oppdrag for fagmiljø, t.d. å lage mindre undervisningsvideoar eller liknande.

    Ville det vere ein ide å samordne IKT-ressursar og IKT-kompetanse, slik at høgskulen kunne stå sterkare på IKT-sida? Ein kunne tenke seg eit IKT-miljø som hadde ansvar for utdanningstilbod, kurs, utviklingsarbeid, teknisk assistanse osv. Då ville ein kunne dra nytte av mykje meir av den Ikt-kompetansen som finst på HSF, og det ville bli lettare å utvikle nye tilbod. Til dømes er det dumt og litt flaut at HSF ikkje har noko større tilbod når det gjeld IKT-utdanning.

    Knut Atle Skjær

    SvarSlett
  4. Eg seier meg enig i Knut Atle sitt innlegg!

    SvarSlett
  5. Først ein kort kommentar til Knut Atle sitt innlegg.

    Dette har vert tema på ei av studieleiarsamlingane i fjor. Der var tilbakemeldinga klar, både dekanar og studieleiarar gav tilbakemelding om at det ikkje var ønskjeleg å sentralisere IKT- ressursane. Dei hadde fått tilbakemelding om at faglærarane ønskjer at kompetansen skal være ute på avdelingane. IKT- kompetansen må være der undervisninga og forskinga føregår, faglærarane rapporterar at dei finn det lettare å spør kollegaer som sit nært enn å hente inn hjelp utanfrå.

    Så ein kommentar til det Grete spør om. Kva skal vere basiskompetansen til fagtilsette?

    Der er nokre få felles minimumsferdigheiter som er knytt til at organisasjonen vår har behov for å kommunisere med oss og dette gjer ein gjennom ulike digitale verktøy som Outlook, , internett/intranet, ESS, Fronter, osv. Så har vi som fagpersonar eit behov for å kunne søkje etter litteratur og anna relevant informasjon slik at vi kan forske og undervise. Dette igjen krev at vi må ha noko kompetane knytt til kjeldekritikk, rettigheitsproblematikk, etikk osv. Så meinar eg at ein annan viktig basiskompetanse er å vite kva som ligg i digital kompetanse, altså være i stand til å reflektere rundt når ein bør nytte digitale verktøy og kva verktøy som kan vere lurt å nytte.

    Så vil det være ein fagspesifikk del knytt til basiskompetanse, på økonomi og administrasjon vil for eksempel ein faglærar i statistikk måtte kunne bruke både rekneark og ulike analyseprogram t.d. SPSS, ein som skal undervise i rekneskap må kunne bruke rekneark, rekneskapsprogram og årsavslutningsprogram og ein som skal undervise i marknadsføring bør kunne noko om ulike web 2.0 tenester. Dette er også basiskompetanse som studiet ikkje kan klare seg utan. Det er viktig å få med at denne fagspesifikke kompetanse må synleggjerast i dette arbeidet.

    SvarSlett
  6. Jeg er nysgjerrig på bruk av Wiki i undervisningen! I en del fag vil oppbygging av felles kunnskapsbase være en flott måte å få oppsummert pensum på, og her er muligens Wiki en spennende måte å jobbe på. Men jeg rekner med at det er flere enn meg som er positive, men som ikke helt tør eller har overskudd til å "ta steget" på egenhånd uten litt mer støttefunksjoner.

    SvarSlett
  7. Litt presisering og kommentar til Veronika

    Eg tenkte dette litt vidare enn heving av den interne kompetansen. Ein IKT-kompetanse bør også brukast til å gje eit utdanningstilbod til aktuelle studentgrupper. Eg meiner det vil vere mest rasjonelt dersom ein dreg nytte av IKT-kompetansen både til intern opplæring og til utdanningstilbod

    Knut Atle

    SvarSlett
  8. Hvor ble det av den digitale kompetansehevingen? Jeg har ikke vært inne på denne bloggen før og var sikker på at jeg leste et innlegg fra 12. mars 2011, men ser nå at det er ett år gammelt. Hva skjedde etter mandag 15. mars 2010? Godt mulig denne informasjonen ligger et annet sted, men da hadde det vært bra med en link til denne..

    SvarSlett